UTSOLGT ArtTalk: Kunsthistoriker Renate Rivedal om Frida Kahlo

UTSOLGT ArtTalk: Kunsthistoriker Renate Rivedal om Frida Kahlo
Foto: Courtesy of www.frida-kahlo-foundation.org

Kahlo er ein kunstnar som også i dag fascinerer, både grunna kunsten, og grunna hennar liv. Frida var fødd i Coyoacán i 1907, som på den tida var ein liten by i utkanten av Mexico by. Då ho var lita, vart Frida ramma av polio, og når ho berre var 18 år var ho innblanda i ei alvorleg trafikkulykke som kom til å prege ho for resten av livet.

Dei aller fleste av maleria til Kahlo er sjølvportrett, her blottstill ho seg, og viser både sin eigen seksualitet, usikkerhet og smerte. Ho malte med sterke og vibrerande fargar, og var sterkt inspirert av både tradisjonell indiansk kunst, men også av den moderne europeisk kultur. Ein kan finne spor av både realisme, symbolisme og surrealisme i dei sterke portretta hennar. Frida lev i ei tid med store omveltingar i heile verdssamfunnet, og Kahlo bemerka seg også som ein politisk kunstnar.

Renate Rivedal er kunstformidlar og jobbar som kulturkonsulent ved Enhet for kulturformidling og deltakelse. Ho har master i kunsthistorie og lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar.

Kommende arrangementer

Se alle kommende arrangementer