

Utsolgt! Konsert: Folkemusikk med Snillan Du
Velkommen til folkemusikkonsert på museet, med jul og vintertid som hovedtema!
Folkemusikkgruppa, Snillan Du, består av Amalie Eldnes, Helene Stulien Lauen og Lydia Haugan Helland.
Snillan Du skaper eit møte mellom modernitet og det tradisjonelle, gjennom eigenskrive musikk og nytolkingar av folketonar. Dei har henta tonar frå Rogaland, Telemark og Skottland, og noko vil også bli framført i tradisjonell stil. I ein klang av fleirstemnd vokal og tangentar, kan ein høyre element som gjenspeglar kvar enkelt musikar sin musikalske breidde.
Hovudtema for konserten er jul og vintertid. Tekstane tek føre seg gamal folketru, der ein blant anna vil høyre om Haugebonden som kjem fram mot juletider. Gruppa sine nyskrivne songar tek opp tema som sorg, kjærleik og lengsel, noko som blant anna kjem fram i “Amerikabrev”.
Amalie frå Halden, Helene frå Byremo i Agder og Lydia frå Vikedal i Rogaland har motteke musikkprisar og har brei erfaring med ulike opptredenar. Dei har gått studier innan låtskriving, vokal, tangentar og norsk tradisjonsmusikk, og markert seg som musikarar i sine heimtrakter. No skal dei ut på turne´ og gleder seg til å framføre den nye musikken. Nokon tonar og tekstar kan være kjende for mange, og dette er ein konsert folk i alle aldre kan ha glede av.
Museet og Hopeful KunstKafé holder åpent til kl. 22.
Velkommen!
Sørlandets Kunstmuseum forholder seg til regjeringens smittevernstiltak og ønsker å tilrettelegge for en trygg opplevelse hos oss. Vi opprettholder 1-meters regelen på alle våre arrangementer og har begrenset vår plasskapasitet for å tilfredsstille dette kravet. Føler du deg syk, anbefaler vi at du holder deg hjemme. Vi viser til Folkehelseinstituttets hjemmesider fhi.no for nærmere opplysninger om tiltakene.